Om Valborg

Valborg Hustadnes (f 1942), voks opp i Ytre Ålvik i Hardanger, men flytte i 1970 til Austefjorden i Volda kommune. Ho er psykiatrisk hjelpepleiar og arbeider no ved Nordfjord Psykiatriske Senter på Nordfjordeid. Hustadnes har ei levande interesse for lokal historie. Denne interessa har ho kombinert med å være frilansjournalist, og med hennar evne til å kome i kontakt med folk, har ho også gjennom arbeidet, kome tett innpå eldre personar som veit korleis Volda var gjennom dei siste 100 åra.

Lesarar av aviser i distriktet har kunna lese ei mengd artiklar av Valborg Hustadnes. Forutan nyhendereportasjar og personintervju, har det mest vore artiklar om stader, hendingar og om korleis folk levde i tidlegare tider.

Hustadnes har gjennom heile livet vore glad i fjellet, og i sport og friluftsliv. Av større ekspedisjonar kan nemnast ein sykkeltur på 3310 kilometer i 2003, mellom dei fire geografiske ytterpunkta i Noreg.

I fjella rundt Austefjorden og elles i Volda kommune, er ho mellom dei som har ferdast mest. Sætrane har vore eit møtepunkt for hennar historie, kultur og friluftsinteresse. Ho har med åra utvikla ein omfattande kunnskap om emnet. Det er denne kunnskapen som ligg til grunn for denne boka.

 

Boklansering, Kvivssætra

 

Ved Tårnet med Tordis