Om boka

Underskrivne voks opp på ein gard i Hardanger, og interessa for lokalhistorie vart nok lagd i barneåra. Eg har nokre få, men sterke minne frå siste åra det var full drift på stølen heime, der det var full sæterbruk. Som lita jente fekk eg for fyrste gong vere med til Bjølvesete, som ligg 600 m.o.h, og kløvjevegen vart nok i lengste laget, for eg hugsar at eg fekk sitje på hesten siste stykket. På stølen var det spanande, med budeier og mange kyr frå dette buskapar. Bestemor tok imot i selet vårt, som er bygt på 1700-talet. Siste driftsåra, på femtitalet, var det berre ei budeie som dreiv for to gardar, og då var eg så stor at eg kunne gå åleine og besøke henne. Fjellturane vart mange, både då og seinare, og selet, som var bygt av handsaga plank, hyste oss alltid.

Etter at eg kom til Sunnmøre, har det vorte mange fjell- og sætreturar her og. 1 1996 skreiv eg om Aurstadsætra, etter intervju med to som hadde sætra der. Seinare har eg skrive litt no og då. Men mange av dei som opplevde livet på sætra, er borte, og eg innsåg at det hasta med å ta vare på minna frå ein så viktig bolk av livet til innbyggjarane i bygdene her. Me kan møte fedrane våre gjennom kulturminne som sel, stiar, steingardar o.a., men også gjennom nedskriven historie. Og til meir ein lærer om deira liv, til meir vørdnad for ein for dei.

Det har vore interessant og lærerikt å arbeide med dette stoffet, og tanken om å trykkje det kom etter kvart. Det meste er skrive etter intervju med dei som sjølve opplevde livet på sætra, men noko er og henta frå nedskrivne notatar som eg har fått låne. Her er difor med stoff ikkje berre frå 1900­talet, men og eit stykke bak på 1800-talet. Dette er folkeminne og difor ikkje noko dokument som slår fast fakta.

Det har vore vanskeleg å tidfeste når sæterdrifta tok slutt på kvar enkelt sæter, men det skjedde rundt 1950 dei fleste stader. Vanskeleg er det og å vite om ein skal bruke nemninga sæter eller støyl, fordi det vekslar mykje kva nemning informantane brukar. Karoline Daugstad skriv i boka Sæterliv at sæter er den vanlegaste nemninga frå Nordfjord og nordover, men støl eller støyl er vanlegast andre stader på Vestlandet. Grensa mellom desse nemningane ligg altså mellom Nordfjord og Sunnmøre. Mitt inntrykk er at tidlegare har støyl vore mest brukt i Austefjorden, kanskje fordi Volda ligg så nær Nordfjord, der dette ordet rår grunnen. Men i nyare tid har sæter meir og meir teke over. Difor har eg valt å bruke denne nemninga.

Eg har møtt mykje velvilje, og vil takke alle som har fortalt frå livet på sætra. Takk til Sigurd Slettebakk og Maria Elin Hustadnes som har teikna, og til dei som eg har fått låne skrivne kjelder hjå. Takk og til dei som har lånt ut bilete. Bileta er historiske kjelder, og er kanskje like viktige som teksten. Ein del bilete har eg fått låne hjå Austefjord museumslag, men det meste er lånt privat. Ikkje alle bilete er av fullgod kvalitet, men det er heller ikkje det viktigaste. Det er i mange høve uråd å vite kven som har vore fotograf til dei eldste bileta, og same bileta finst ofte i mange album. Dette er årsaka til at eg ikkje nemner korkje fotograf eller eigar til desse bileta.

 

 

 

Innhald

 

Føreord...............................................................................7

Sæterdrift i Volda................................................................8

Hus og matstell på sætra.....................................................11

Grisehald............................................................................14

Sauehald..............................................................................14

Slått i fjellet.........................................................................15

Rovdyr................................................................... .............17

 

Kalvatn

Grøndalsætra.......................................................................18

Osdalsætra...........................................................................32

Kvivsdalsætra......................................................................35

Eidssætra.............................................................................42

Heida (Langenes).................................................................46

 

Fyrde/Årset

Langvassætra......................................................................49

Nessætra (Høgestoylen)......................................................54

Gjersdalsætra.................................................................... 60

Haralddalen........................................................................63

Sundalsætra....................................................................... 67

Lisjedalen......................................................................... 74

Norddalsætra.................................................................... 78

Aurstadsætra..................................................................... 84

Årsetsætra (Hogesætra).....................................................90

Lisjesætra Arset.................................................................93

Ullalandsætra....................................................................95

 

Hjartåbygda/Volda

Hjartasætra.......................................................................100

Vadsteinsætra....................................................................111

Hombersetsætra.................................................................115

Rotevassætra.....................................................................122

Botnasætra.........................................................................128

Rotsetsætrane....................................................................132

 

Follabygda

Skinviksætra.....................................................................140

Botnasætra.......................................................................147

Heida (Håvik)..................................................................150

 

Høydal

Vikesætra....................................................................... 155

Langedalsætra................................................................ 156

Rindalsætra.................................................................... 157

Joldalsætra..................................................................... 162

Lauvhaugsætra................................................................ 164

Nykkedalen.................................................................... 167

 

Bjørneset/Fylsvik

Bjørnesetsætra............................................................... 171

Fylsviksætra................................................................... 178

Sulvassdalen................................................................... 182

Heida (Fylsvik).............................................................. 183

 

Sætrar nedlagde før 1900

Feirdalen (Høydal)........................................................ 184

Holsviksætra i Norddalen............................................. 185

Vadsteinsætra ved Skinøyrvatnet.................................. 185

Grevsnessætra................................................................ 185

Heida (Høydal).............................................................. 185

Hestekolda (Årset)........................................................ 186

Klyftadalen..................................................................... 186

Risbakkesætra................................................................ 187

Lisjesætra, Nes.............................................................. 187

 

Ordliste med forklaringar............................................. 188

 

Kjelder........................................................................... 189